Inger Helene kosar seg med lunsjen

Møte med ugandisk matkultur

Postet den 2011-12-17

Her i Uganda finst det mat for einkvar smak; i alle fall her i hovudstaden kor vi helde til. Du kan finne restaurantar og cafêar som tilbyr alt du måtte ønske deg -kanskje med unntak av norske kjøtkaker i brun saus. Det vi prøver å seie er at etter at vi kom hit har vi ikkje ete så mykje tradisjonell ugandisk mat på fritida vår, bortsett fra ein og anna chapatti frå gata (for dei som ikkje veit det så er chapatti ei type lefse som for det meste består av olje og mjøl, og den smakar faktisk veldig godt, og kan minne om norsk pannekake), og enkelte av oss har også fått prøve ei lokal delikatesse, nemleg frityrstekte grashopper. Nam nam!

Heldigvis er det slik at vi får lunsj på babyheimen, og den lunsjen er akkurat den typen mat som dei lokale menneska her et. Vi får ris med eller utan sand (som oftast utan), poteter som smakar heilt annleis enn dei norske, bønner, matoke (som er ein type middagsbanan som minnar meir om potet enn banan, sjølv om den ikkje smakar som potet), kylling, kjøt (som vi ikkje veit heilt kvar det kjem frå, men det er sannsynlegvis enten frå storfe eller sau/geit), gresskar, rolex (som er ein form for chapatti med eggeomelett inni -kjempegodt!), ulike sausar og salatar (noko som eigentleg ikkje er så vanleg kost her i Uganda, har vi fått høyre). Til «dessert» får vi som regel banan, ananas eller papaya (som vi har funne ut smakar og luktar som spy dersom den er overmoden).

Det må seiast at det er delte meininger innad i teamet om i kva grad vi synst lunsjen er god eller ikkje. Nokre av oss likar maten vi får på babyheimen veldig godt, og gledar oss ekstra mykje til kvar fredag, fordi fredagar er «rolex-dagen». Andre er temmelig leie av lunsjen her, og har nokon gongar med seg niste heimanfrå.

Ein anna ting er at menneska her som regel ikkje ete meir enn to store måltid kvar dag. Og med store måltid, så meiner vi verkeleg STORE måltid! Når vi ete lunsj på babyheimen så kan vi forsyne oss mykje (synst i alle fall vi), men likevel får vi kommentarar frå nannyane om at vi er småspiste, og dei lurar på om vi verkeleg blir mette av så små porsjonar. Det er litt komisk at i vår kultur er det vanleg å heller ete ofte (kvar tredje time) og lite, medan dei her ete sjeldan og mykje -og grunnen til at vi skal ete ofte og lite er at det er sunt og bra, men likevel verkar menneska her mykje sunnare og mindre overvektige enn det dei gjer heime.

Sidan det nærmar seg jul har vi også fundert litt på kva ein typisk ugandisk julemiddag består av -og forrige helg fekk vi svaret då vi deltok på «childrens cantata», som er eit julespel som blir holdt av borna i Watoto si kyrkje kvart år. Dette året var temaet «King of kings», og dei hadde bygd opp forteljinga i julespelet rundt ein typisk ugandisk julemiddag, der borna som var hovudpersonane var utkledde som forskjellige typar mat. Vi fekk då vete at ein typisk ugandisk julemiddag består av nettopp matoke, kylling, poteter, kjøt, grønsaker, og mango til dessert. Og til drikke har dei Coca Cola. Med andre ord er ikkje julemiddagane her så veldig forskjellige frå det folk ete til kvardags; i følge nokon på babyheimen ligg den største forskjellen i at på julafta så får alle ete så mykje dei berre vil.

Det er kanskje ein liten tankevekkar for oss som fokuserar veldig mykje på maten i jula -uansett om ein ete matoke, lutefisk, kalkun, pinnekjøt, kylling, ribbe eller noko heilt anna, så blir det like mykje jul for alle saman, ettersom jula handlar om noko heilt anna og mykje viktigare enn kva ein har på menyen.

 

Ris og papaya
Frå "Childrens cantata"