
Møte med Uganda
No har vi vore her i tre veker, og i løpet av dei tre vekene har vi fått merke at det er ein viss forskjell mellom uganderar og nordmenn, og mellom ugandisk og norsk kultur. Korleis har vi merka dette? Og kva består desse forskjellane av? Vi føler endå ikkje at vi kjenner kulturen og menneska her godt nok til å kunne gjere ei grundig samanlikning, men vi har likevel prøvd å kome på ting som har fått oss til å innsjå at vi ikkje lenger er i Norge, omgitt av nordmenn og norsk kultur. Derfor har vi laga følgande punkter som gjer at ”Du skjønar at du ikkje lenger er i Norge men i Uganda når...:
-
...folk i kyrkja ler av fortellingar der nokon døyr” (NB. Vi snakkar her ikkje om Jesu død!). Under vår første gudsteneste her heldt nemlig presten ein tale basert på historia om Ananias og kona hans Saffira, som kort fortalt går ut på at dei selger noko jord til inntekt for menigheita, lyg til apostelen Peter om kor mykje pengar dei fekk for jorda, noko som fører til at Gud straffar dei med døden. Vi vart mildt sagt ganske overraska når fleire menneske i forsamlinga braut ut i latter når presten las orda; ”Då Ananias høyrde det, seig han saman og døydde”, og igjen når han las om at kona til Ananias leid same skjebnen.
-
...folk spør deg kvifor vi kvite kan bli knallraude i ansiktet”. Ugandiske menneske blir nemlig ikkje solbrente, og synst det er merkelig (og morsomt) å høyre om at vi blir så raude fordi vi ikkje tåler sola så bra.
-
...folk på lunsjen forsyner seg tre gongar så mykje som deg”. Vi har nemlig felles lunsj på babyheimen, og då er vi voluntørane berykta for å vere ganske småspiste. Medan vi er vant til å leve etter regelen om at ein burde ete ofte og lite, så eter uganderar sjeldan, men når dei først ete så ete dei mykje (men denne forskjellen er nok også prega av det at dei ikkje alltid har råd eller tilgang på mat på same måten som oss).
-
...trafikken best kan beskrivast som eit kontrollert kaos som ofte forvandlast til ei trafikkork i regnver”. Ikkje nok med at dei køyrer på motsatt side av veien i forhold til det vi er vant med, men vi har endå ikkje forstått om dei har nokre gjeldande trafikkreglar (prøvde ein gong å spøre ein taxisjåfør, men eg vart ikkje noko klokare av det svaret han ga. Han forklarte derimot det med trafikkorker i regnver, og det skyldast at politiet dirigerer trafikken når det regnar for å unngå ulykker, noko som sinkar den og fører til kork).
-
...folk er konstant forsinka til avtalar”. Tidsforståelsen her er nemlig ikkje heilt slik som vi er vant med. Dersom avtalen er at ein skal møtast klokka tre, så verkar det som om folk begynner å gjere seg klare til å reise klokka tre (det innebere kanskje at dei skal dusje, skifte, ete litt mat, og så kome seg fram til det avtalte møtepunktet), og då er dei ofte ein god time for seine. Men filosofien her er litt sånn at tida går ikkje, den berre kjem. Og eigentleg er det litt deilig at ein slepp å stresse for å bestandig vere presis (men når det gjelde jobben vår på babyheimen så møter vi selvfølgelig tidsnok).
-
...du ser babyar bli løfta som filledokker”. Medan vi er vant til at ein skal løfte små barn varsomt og forsiktig, så nølar ikkje folk her med å løfte opp babyar etter ei hand eller ein fot (men det går heilt fint, babyane tåler det bra). Men til tross for at vi har fått augene opp for at babyar tåler meir enn dei ser ut som (heldigvis!), så held vi oss fortsatt mest til ”den norske måten” å behandle babyar på. Ein anna ting, som vi synst er vanskelegare å forholde seg til, er at det virkar som om det å slå barn er ein normal del av oppdragelsen her.
-
...når ordet ”sorry” dukkar opp både tidt og ofte”. Medan vi som regel brukar det ordet for å uttrykke at vi er lei oss for noko vi har gjort, så brukar uganderar i tillegg ”sorry” dersom du seier at du er eller har vore sjuk, dersom ein av babyane begynner å grine, dersom ein baby tissar eller hostar snørr på deg, dersom det begynner å regne og du blir våt, dersom det er noko i vegen med nokon du kjenner, ++. Med andre ord brukar dei ordet sorry for å uttrykke medfølese for noko som er leit eller har gått gale, uavhengig av om dei sjølve er skyldige i saken eller ikkje. Og det er smittsomt! (Fleire av oss slite med ”sorry-syndromet” etter at vi kom hit, dvs. at vi seier sorry for alt og ingenting).
-
...du føler deg som eit pinnedyr under lovsangen i kyrkja (og ellers generelt på alle plassar der det er sang og dans)”. Uganderar er nemlig stort sett veldig mykje meir bevegelsesdyktige og rytmisk anlagte enn nordmenn.
Når vi har vore her lenger dukkar det kanskje opp eit par punkt til, men uansett vil vi påstå at vi ikkje er så forskjellige, verken menneskelig eller kulturelt sett, og at vi kan fungere godt saman og sete pris på kvarandre sitt selskap. Vi har opplevd uganderar som eit vakkert, sterkt, religiøst, lykkelig, hardtarbeidande og vennlig folk, og kulturen deira er både spennande og facinerande. Vi gledar oss til å tilbringe meir tid her, slik at vi kan bli endå bedre kjent med dei fantastiske menneska her og kulturen i dette flotte landet!

